Sitla Hotel & Appartments a Øvre Årdal
Øvre Årdal, NO

Litt kort historie Sitla hotel har hatt ulike rollar opp gjennom. I starten fungerte det som i dag er Sitla hotel som ein ungdomsheim. På dette tidspunktet fanst det inga kyrkje i Øvre Årdal, så kjellaren på Sitla fungerte som kyrkje i Øvre Årdal nokre år. I 1970 vart Farnes kyrkje bygd, og det som ein gong hadde fungert som kyrkje på Sitla vart no gjort om til uteplassen «Slusken». Slusken er eit lokalt tilnamn på rallarane – dei som arbeidde med å laga den imponerande gamlevegen oppover fjellet mot Heirsnosi i Årdal. Denne vegen kan du gå også frå Sitla hotel i dag, og er ein fin tur for deg som vil opp på «Tusenmeteren» og sjå kor flott bygda, Årdalsvatnet og Bøttejuvet tek seg ut i fugleperspektiv. Uteplassen eksisterte berre nokre år, og sidan har ulike lag og organisasjonar disponert lokala til ulike føremål. I dag er Sitla eit sjølvbetjent hotel med god standard og ulike romkategoriar som passar ulike behov – både for langtidsopphald og korttidsopphald. Mat og servering i nærheten Sitla hotel samarbeider med Tya Bakeri i Øvre Årdal og Klingenberg hotel på Årdalstangen når det kjem til mat. På Tya Bakeri i Øvre Årdal er det mogleg å kjøpa seg kortreiste bakevarer og lunsj, eller ein kan bestilla catering, medan ein på Årdalstangen finn eit breitt mattilbod på Strondi restaurant, kafe og bar. Tya Bakeri ligg i tilknyting til Årdalsenteret i gangavstand (5-10 minutt) frå Sitla hotel. Strondi restaurant ligg på Årdalstangen 10 minutts køyring unna – med flott utsikt over Årdalsfjorden frå uteserveringa. Ein kan også få matservering i somarsesongen på Vetti Gard Turiststasjon – dersom ein blir svolten i løpet av vandringa innover Folkevegen mot Vettisfossen. Vetti Gard Turiststasjon er betjent frå medio juni til medio september kvart år, og er ei oppleving ein verkeleg bør få med seg dersom ein er i Årdal. Andre mattilbod i Årdal: Mama Mia i Øvre Årdal (5 min gange) Best Øvre Årdal (2 min gange) Heilmat (5 min gange) Somarkafè ved Utladalen Naturhus frå skulesl...
Impressum / Numero di protezione dell'alloggio
https://klingenberghotel.no/sitla-hotel/
Vai direttamente all'alloggio
Sito web
https://klingenberghotel.no/sitla-hotel/
Indirizzo e-mail
sitla@klingenberghotel.no
Numero di telefono
+47 57 66 58 80
Indirizzo
Tyinosvegen 5
06884 Øvre Årdal, NO
Direttamente all’alloggio – e conosci altri ospiti
Sul sito web dell’alloggio puoi chiedere informazioni o prenotare direttamente, senza passare da un portale di prenotazione.
Vai al sito web dell’alloggioCon socialZoom trovi viaggiatori che ci vanno anche loro o che ci sono già stati, e puoi chiedere loro delle loro esperienze.
Scopri socialZoomSu altre piattaforme
Prezzo per notte a persona
da € 57,00
Più tasse e commissioni, lordo € 57,00